Pukkellaksen (øvst) skil seg ut frå den lokale laksen.
Pukkellaksen (øvst) skil seg ut frå den lokale laksen.

Tok pukkellaks i Daleelva

Tore Wiers fekk ein pukkellaks i Daleelva laurdag. Dagen før vart det registrert 130 laks i elva.

- Denne arten er svartelista i norske elver. Så vidt eg veit er dette den tredje pukkellaksen som er fiska i Daleeleva sidan 1980-talet, seier sportsfiskar Tore Wiers til Hordaland. Det var laurdag føremiddag at han drog i land den uynskte laksen.

- Denne skulle nok ha gått inn lenger nord og til Russland. Me ynskjer ikkje pukkellaks her, men så lenge det berre er ein einsleg fisk, skjer det ingen skade, seier Wiers. Han fekk fisken på heimelaga floge.

Han er trygg på at det ikkje er snakk om at store mengder pukkel­laks i elva.

- Fredag hadde me den årlege teljinga der me dykka i eleva for å telja laks. Me talde 130, og faktisk såg eg denne eine pukkellaksen då, seier Wiers.

Sett ut i nord

Namnet har pukkellaksen sidan han får ein pukkel på ryggen i gytetida. Pukkellaksen er opphavleg ein stillehavslaks, men på 1950-talet sleppte russarane ut store mengder på kysten nordvest av Russland. Difor er det nokså vanleg å få pukkellaks i Nord-Noreg. Pukkellaks er ein viktig økonomisk art både i Russland, Canada og USA (Alaska).

- Pukkellaksen er svartelista i Noreg, fortel sportsfiskar Tore Wiers. Laurdag fekk han dette eksemplaret på om lag 1 kg i Daleelva.
- Pukkellaksen er svartelista i Noreg, fortel sportsfiskar Tore Wiers. Laurdag fekk han dette eksemplaret på om lag 1 kg i Daleelva.

Andre fiskarar langs Daleelva vil gjerne sjå den svartelista fangsten.

- Sjå den du, seier Gunnar Bakke, som også er ute med fiskesnøret

- Eg har fått ein slik sjølv ein gong. Men det var i Nord-Noreg, medan eg var i militæret, seier han.

Dobling frå i fjor

Under teljinga fredag vart det altså registrert 130 laks. I fjor var talet 50-60.

- Det er klekkjeriet som gjev utslaget, meiner Wiers.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er godt med fisk å få i år. Og sidan det er så god vassføring, får ein fisk over alt i elva. Og dei fleste får fangst, seier Wiers. Sjølv har han drege opp 18 laksar. 14 med floge og resten med sluk.

Leiar i Dale jakt og fiskarlag, Inge Sandven, skal denne veka telja opp fangsten som er meld inn i sommar.

- Eg vil ikkje seia noko tal no. Men det er eit godt år for fiskarane. Kombinasjonen god vassføring og mykje fisk, gjev gode opplevingar i elva, seier han.