MASSEVAKSINERING: Voss herad har hatt massevaksinering i fleire veker på ungdomsskulen, men er enno ikkje ferdige med aldersgruppa 85+. - Me får færre dosar enn me trudde, seier Gullborg Rekve i Voss herad. Foto: Vidar Herre

Vaksineringa i Voss herad: – Me har ikkje fått tak i alle over 85 år

– Det er kring 60 personar i denne aldersgruppa som me no jobbar for å få kontakt med, seier Gullborg Rekve som er ansvarleg for vaksineringa i Voss herad.

Gullborg Rekve fortel at dei no har sett 1391 dosar med koronavaksine på Voss, og at 504 vossingar er fullvaksinerte i regi av heradet. Framleis held Voss herad på med vaksinering av dei over 85 år.

– Me har no att 140 personar i denne gruppa som ikkje har fått vaksinen, og utfordringa er at kring 60 av dei ikkje har meldt seg til vaksinering, seier Rekve.

Voss herad brukar nemleg eit system der dei som skal vaksinerast må melda seg sjølve, anten via nettsida til heradet eller per telefon.

– Me gjer no ein jobb med å ringja rundt til alle desse. Om nokon veit om personar som ikkje har meldt seg, set me stor pris på hjelp med å koma i kontakt med dei, seier ho.

Kjenner du nokon over 85 år som ikkje har meldt seg til vaksinering? Då kan du hjelpa dei å melda seg via nettsidene til Voss herad, eller på telefonnummer 90089662.

Les også
Har starta med AstraZeneca-vaksineringa av helsepersonell: – Me fekk ei utfordring med sjukefråvær
Prioteringslista for vaksinering i Voss herad:

1. Bebuarar i sjukeheim (ferdig)

2. Alder 85 år og eldre (pågåande, kring 500 personar)

3. Alder 75–84 år (Kring 1100 personar)

4. Alder 65–74 år (kring 1800 personar)

og samtidig personar mellom 18* og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp

5. Alder 55–64 år med underliggjande sjukdom/tilstand

6. Alder 45–54 år med underliggjande sjukdom/tilstand

7. Alder 18–44 år med underliggjande sjukdom/tilstand

8. Alder 55–64 år

9. Alder 45–54 år

10. Alder 18–44 år

– Får færre dosar enn me trudde

Rekve fortel at dette ikkje har noko å seia for framdrifta til vaksineringa, som ho sjølv meiner går for tregt.

– Me hadde håpa å vera ferdige med aldersgruppa 85+ om 2–3 veker, men no er det ikkje sikkert at me greier dette. Me får mykje færre vaksinedoser enn me har fått signal om. Eigentleg skulle me få større utsendingar frå midten av februar, men det har ikkje skjedd. Og slik er det i heile landet, seier ho.

Ho forsikrar om at alle som har fått fyrste dosen er garantert å få dose nummer to, uansett.

– Utfordringa er at nesten alle dosane går til dei som skal ha dose nummer to, og at me har lite til overs til dose 1.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange er utolmodige

Etter at Voss herad er ferdige med aldersgruppa 85+, er det aldersgruppa 75 til 84 år som står for tur. I denne aldersgruppa er det kring 1100 personar. Så er det aldersgruppa 65 til 74 år, med kring 1800 personar.

– Er det frustrerande at det ikkje går fortare med vaksineringa?

– Det er klart det er det, og det er frustrerande for dei som ventar der ute. Me har fått ein god del telefonar den siste tida, og folk lurar på når det er deira tur. Det er ikkje kjekt å ikkje ha noko godt svar.

Rekve fortel at ho likevel vel å vera optimist.

– Eg må jo berre håpa, kvar veke, at me får litt fleire dosar neste veke. Me jobbar i alle fall så fort me kan, seier ho.

Vaksinering av helsepersonell held fram

Framleis går 20 % av alle dosane som kjem kvar veke til helsepersonell.

– Det er kring 150 personar av helsepersonell i Voss herad som enno ikkje har fått vaksinen, av dei totalt 600 som er tilsett som helsepersonell i heradet. Mellom anna er alle tilsette på legekontora ferdig vaksinerte, opplyser Gullborg Rekve.