Det er lokal brannfare i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Det er lokal brannfare i Hordaland og Sogn og Fjordane. Foto: Meteorologene

Varslar lokal skogbrannfare i Hordaland

Meteorologisk institutt melder om lokal skogbrannfare i Hordaland.

– Freistar det med grilling i finvêret?

Det spør Meteorologene på Twitter, samstundes som dei melder om lokal skogbrannfare i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Dei oppmodar alle om å vera forsiktige med bruk av open eld.

Ifylgje yr.no vil faren gjelda til det kjem nedbør av eit visst omfang.

Frister det med grilling i finværet i dag? Det er lokal skogbrannfare i#Hordaland og#SognOgFjordane, så vær forsiktig med bruk av åpen flamme 🔥pic.twitter.com/OsuvFCvovv

— Meteorologene (@Meteorologene)May 19, 2019

Fint til torsdag

Samtidig melder vêrvarslinga at det skal vera rundt 18 til 19 grader med sol frå skya himmel fram til torsdag.

På torsdag kan det koma over 6 mm regn.

Pollenvarselet frå Astma- og Allergiforbundet synet at måndag er det beskjeden spreiing av bjørk og salix.

Les òg:

-

Her vert det vatn i sommar.

-

Draumetur på silkeføre midt i mai.