STOR SNØSKREDFARE: – Hald deg unna terreng som er brattare enn 30 grader, åtvarar NVE, som har sendt ut raudt farevarsel for laurdagen. Foto: varsom.no

Varslar stor snøskredfare for Vestland

NVE melder om stor snøskredfare i helga.

For laurdag 11. januar melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om stor snøskredfare for regionane Indre Fjordane, Voss og Hardanger.

Laurdag er det faregrad 4, med raudt varsel.

– Snøskreda kan bli store og råka ned til skredutsette vegar og busetnadar. Hold deg unna terreng som er brattare enn 30 grader, står det i varselet på varsom.no.

Mykje regn i løpet av laurdag

Ifylgje vêrvarslinga frå Meteorologisk institutt kan det bli opp mot 38,8 mm med regn mellom klokka 12 og 18 på laurdag på Voss.

På yr.no er det varsel ute om stor snøskredfare, mykje regn og jordskredfare.