Gå til sidens hovedinnhold

Vart firt 70 m ned frå Hardangerbrua

Artikkelen er over 10 år gammel

VALLAVIK/BU: To «skadde» personar vart firt 70 m ned frå Hardangerbrua under ei øving onsdag kveld.

Å vera deltakar på kriseøvinga som vart halde på gangbrua over fjorden, var absolutt ikkje for dei med høgdeskrekk. I ei line vart to av mannskapa frå entreprenøren MT Højgaard firt ned til ein ventande båt på fjorden - om lag 70 m nede.

Fleire skadde

Øvinga vart gjennomført med politi, brannmannskap og helsepersonell frå Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Granvin. Til saman var det tre «skadde» personar midt ute på gangbrua i fjordspennet.

Viktig å trena

Både HMS-koordinator Inge Haustveit og prosjektleiar Øivind L. Søvik er godt nøgde med gjennomføringa av øvinga. Denne testen viser kor viktig det er å trena på beredskapen, slik at dei er godt budde dersom ei arbeidsulukke verkeleg skulle skje under bygginga av brua, meiner dei.