RYKKJER UT: Brannvesenet er på staden, og skal få ut vatnet i kjellaren i huset. Foto: Lars Olve Hesjedal

Vatn trengte inn i bustad på Vangen

– Rundt tre til fire centimeter vatn har trengt inn i kjellaren på eit hus, ifylgje brannvesenet.

Like før klokka 13 torsdag melde brannvesenet på Twitter om vatn i ein kjellar i Miltzowsgata.

– Det kjem vatn inn i kjellaren på huset, melder dei.

Ifylgje brannvesenet er det tre til fire centimeter med vatn i kjellaren.

– Det er ein del verdiar i kjellarstova. Me rykte ut med ein gong, og starta umiddelbart å pumpa ut vatnet ved hjelp av lensepumpe og vatnsugar, seier varabrannsjef Geir Ove Pedersen ved Voss brannvern.

PÅ STADEN: Brannvesenet på Voss er på staden for å pumpa ut vatnet i kjellaren. Foto: Lars Olve Hesjedal