STENGD: Ein stor stein stengjer fylkesvegen mellom Ulvik og Osa i Ulvik herad. Foto: Harry Dijkstra

Vegen mellom Ulvik og Osa stengd til etter påske

Ein stor stein sperrar fylkesveg 5374 mellom Ulvik og Osa. – Vegen opnar ikkje laurdag, melder Vegtrafikksentralen.

Like etter klokka 13 laurdag melde Vegtrafikksentralen vest at fylkesveg 5374 mellom Ulvik og Osa er stengd.

– Me har fått beskjed om at det ligg ein stor stein i vegen. Entreprenør er på veg til staden for å undersøkja og sjå på kor tid vegen eventuelt kan opnast att, seier Tor Evensen hjå Vegtrafikksentralen.

Ein time seinare opplyser Evensen at vegen ikkje blir opna laurdag, og at det må geolog på plass før oppryddinga kan starta.

– Det er ein stor stein som må delast i to, i tillegg er det litt skade på vegen, seier Evensen.

Ny vurdering av vegen vert tysdag ettermiddag.

Les også
Far og dotter rasfaste etter steinras på fylkesveg

Alternativ transport

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen i Ulvik herad jobbar med å ordna alternativ transport.

– Dersom det er nokon som er råka av raset og er på feil side, så skal me sjølvsagt prøva å hjelpa dei heim att på påskeaftan. Eg har vore i dialog med rådmannen, assisterande rådmann og Hardanger produksjonsskule. Produksjonsskulen har ein båt som me tidlegare har nytta som transport, seier han.

Heradet fekk informasjonen om raset gjennom avisa Hordaland, og jobbar med å få informasjon om nokon er rasfaste.

– Rådmannen sender ut ei melding til dei som bur i Osa, og dersom det er nokon som er råka så kan dei ta kontakt med han. Telefonnummeret er 40007158.

Raset skal ha skjedd nærare Osa enn Ulvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rasa i desember også

I byrjinga av desember 2019 rasa det ut fleire store steinar på same vegen, og som øydelagde vegen.

Ifylgje ordføraren er dette raset ikkje så langt frå der det rasa ut i desember.