STENGD: Slik ser det ut over Vikafjellet fredag morgon. Ny vurdering om vegen skal opna vert i ettermiddag. Foto: vegvesen.no

Vegen over Vikafjellet er open

Riksveg 13 over Vikafjellet vart opna klokka 13.30 fredag.

Torsdag føremiddag vart Vikafjellet stengt på grunn av rasfare. Eit heilt døger gjekk det før vegvesenet opna vegen att.

Grunna rasfare var det heller ikkje kolonnekøyring i mellomtida.