Raset over fylkesveg 550 i Hardanger drog med seg store steinar og jordmassar.
Raset over fylkesveg 550 i Hardanger drog med seg store steinar og jordmassar. Foto: Rune Skjerveggen Holven

Vegen stengt heile veka

Geologar har avgjort at fjellsida må sikrast over rasstaden på fv. 550 mellom Utne og Grimo. Vegen vert difor stengt heile veka.

I går kveldklokka 18.15 gjekk eit stort steinras på vestsida av Sørfjorden i Hardanger, rett mellom Utne og Grimo.

Ingen vart tekne i raset, men store steinar og jordmassar blokkerer enno vegen.

– Geologar har vore på synfaring på rasstaden i dag, og det er vurdert at det må sikringsarbeid til i fjellsida før rydding kan starta. Ny vurdering vil skje i løpet av kvelden måndag 1. mai, seier trafikkoperatør Marius Råve i Vegtrafikksentralen.

Sekund før raset

Rune Skjerveggen Holven var den fyrste på rasstaden i går, og var berre sekund ifrå å verta teken av raset.

– Eg kom frå Utne etter å ha besøkt bestemor mi. Eg var på veg heim att til Haugesund, og skulle via Odda, før eg kom køyrande midt inn i rasområdet, fortel Holven til Hordaland.

Han prisar seg lukkeleg for å enno ha livet i behald.

– Det rauk framleis frå steinane, så dette kunne gått skikkeleg gale dersom eg hadde kome eit par sekund før. Eg fekk ein skikkeleg støkk, og det har vel ikkje heilt gått opp for meg enno kor heldig eg har vore, seier Holven.

Skyssbåt sett inn

Ullensvang herad har sett inn ein skyssbåt mellom Grimo og Utne, for å frakta folk forbi rasstaden.

– I fyrste omgang er det sett opp ruter etter Skyss sine busstider Utne-Odda, står det på kommunen sine nettstader.