Snøras: Vegen er sperra av ras mellom Gudvangen og Bakka. Kart: Gule sider

Vegen til Bakka sperra av ras

Eit snøras på Fv 5623 til Bakka ved Nærøyfjorden sperrar vegen, melder Vegtrafikksentralen onsdag morgon.

Ein innringjar melde klokka 7.10 frå om at det er gått eit snøras som sperrar heile vegen, ved Storeskreda, opplyser Vegtrafikksentralen. Entreprenør er kalla ut for å rydda raset, som er gått i eit område mellom Bakkatunellen og grenda Bakka.