I løpet av to dagar skjedde det to trafikkulukker i to forskjellige tunellar langs E16. Statens vegvesen har vurdert om det er ein samanheng mellom ulukkene og tunellarbeidet.
I løpet av to dagar skjedde det to trafikkulukker i to forskjellige tunellar langs E16. Statens vegvesen har vurdert om det er ein samanheng mellom ulukkene og tunellarbeidet. Foto: Marita Saue Hamre

Vegvesenet drøftar trafikkulukker langs E16

Statens vegvesen har hatt synfaring og møte etter trafikkulukker langs E16 den siste tida.

I løpet av to dagar var det to trafikkulukker lang E16.

Ei front mot front-ulukke i Langhelletunnelen ogeit samanstøyt mellom tre bilar i Beitlatunnelen i Vaksdal kommune, i tillegg til fleire stengingar på grunn av gjenstandar i vegbana langs E16.

I begge tunellane går det føre seg oppgraderingsarbeid.

No har Vegvesenet drøfta tunellulukkene,ifylgje Vaksdalposten.

– Me har hatt synfaring og vurdert dette, men førebels veit me lite om ulukkene. Me har hatt ein generell runde på kva me kan gjera for at forholda i tunellane kan bli betre, fortel Eirik Røthe i Statens vegvesen til avisa.

Les òg:

-E16 stengd tre gonger på ein dag.

-Stein på 500 kg i vegbana på E16.

-Turistar køyrde med overlast på E16.

Veit ikkje årsaka

På spørsmål om det kan vera ein samanheng mellom ulukkene og tunellarbeidet kan ikkje Røthe i Vegvesenet svara sikkert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje fått opplysingar eller beskjed frå politiet om at det er ein samanheng. Men me veit ikkje nok til å utelukka det heller. Pågåande arbeid langs veg er ein distraksjon i seg sjølv og tek merksemd frå køyringa, samtidig som auka sommartrafikk gjer det same, seier Røthe.

Nærmar seg ferdige

Langhelletunnelen mellom Vaksdal og Trengereid er ferdig asfaltert, i tillegg skal midtlina bli fresa og merka før ferien i juli.

Røthe opplyser til Vaksdalposten at dei har fått opp lys i tunellen, men at det berre er nokre av lyskursane som er sett i drift.

– Me lyt òg fjerna refleksane på sida av vegen. Det vil hjelpa på forholda i tunellen.

Asfaltering før ferie

I Beitlatunnelen på Dale går det føre seg asfaltering, og Vegvesenet håpar på å få til merking av midtlina før ferien.

I tillegg er det planlagt å få i drift nokre av lyskursane før ferien.

I dei fleste tunellane som er under opprusting på Vestlandet blir det stans i arbeidet nokre veker i sommar.

-Sjå oversikt over kva tunellar her.