GLATT: Vegtrafikksentralen melde om glatt vegbane på E16 i morgontimane torsdag. Biletet er frå arkivet, og er nytta som illustrasjon til saka. Foto: Lars Olve Hesjedal

Vegvesenet melde om glatt vegbane på E16

Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar om glatt vegbane torsdag morgon.

Rundt klokka 05.00 torsdag melde Vegtrafikksentralen vest om fleire meldingar om glatt og våt snø på E16.

– Det er meldt om glatt og våt snø enkelte stader på strekninga mellom Dale og Voss på E16, skriv dei på Twitter.

Entreprenør er kontakta.

Les også
Vakna til nysnø midt i mai
Les også
Snøoverbygg til 75 millionar på Bergensbanen