BEITLATUNNELEN: Tunellen som ligg på Dale i Vaksdal kommune blir opna for trafikk døgnet rundt i veke 52 og veke 1. Foto: Marita Saue Hamre

Vegvesenet tek ferie frå tunellstengingar i jola

Arbeidet med å rusta opp tunellar i Region vest tek dei fleste stader joleferie i desember.

Her finn du tidspunkt for avslutning av arbeidet før jol, og oppstart etter nyttår.

Arnanipatunnelen langs E16 går av skift fredag 20. desember, og startar opp att torsdag 2. januar om kvelden.

Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen langs E16 går av skift om morgonen fredag 20. desember, og startar opp att om kvelden sundag 5. januar.

Arbeidarar i Langhelletunnelen og Beitlatunnelen langs E16 har ferie frå veke 52 og veke 1. Anlegget stengjer frå fredag 20. desember.

Ifylgje Statens vegvesen vert det noko sluttarbeid etter nyttår.

— Etter nyttår tek Vestland fylkeskommune over oppgraderingsprosjekta på fylkesvegar. Statens vegvesen held fram med å rusta opp tunnelane på riks- og Europavegane, melder Silje Drevdal i ei pressemelding.