IKKJE UVENTA: Ordførar Hans-Erik Ringkjøb seier at arbeidsløysetala er forferdelege men ikkje uventa. 13 prosent av arbeidstyrken på Voss er no heilt ledige. Biletet er frå arkivet. Foto: Bjørn Sandnes

Veldig auke i arbeidsløysa på Voss

1075 personar i Voss herad er no heilt utan arbeid. Det utgjer 13 prosent av arbeidsstyrken, og er ei åttedobling i arbeidsløysa på to veker.

Voss har no den nest høgaste arbeidsløysa i Vestland fylke. Dette syner tala frå Nav tysdag 24. mars.

Berre Aurland kommune har høgare arbeidsløysetal enn Voss. Der er nesten 1 av 5 arbeidstakarar utan arbeid (19,2 prosent). I Vestland fylke er no kvar tiande arbeidstakar utan jobb.

Les også
Nav: Arbeidsløysa på 10,4 prosent – 142.000 nye arbeidslause den siste veka

Veldig auke

Også Ulvik og Eidfjord har hatt ein veldig auke i talet på arbeidslause.

Ulvik har no 11 prosent arbeidsløyse, medan Eidfjord har 9,5 prosent.

I Vestland fylke er no 10 prosent av arbeidsstyrken heilt utan jobb. Det er i dei kommunane reiselivet står sterkt, at arbeidsløysa no er høgast.

Konsekvensar av krisa

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb seier at tala er forferdelege, men ikkje uventa.

– No ser me kva konsekvensar koronapandemien er i ferd med å få for arbeidstakarane og det lokale næringslivet. Det er dei omfattande permitteringane i reiselivet og andre næringar som no slår inn, seier Ringkjøb.

Oversikt

Ordføraren fortel at heradet no er i gang med eit omfattande arbeid for å få best mogleg oversikt over verknadene krisa har for det lokale næringslivet i dag og framover.

– Dette er eit svært viktig arbeid som næringsavdelinga no jobbar hardt med. Me treng denne oversikta for å kunne melda inn til styresmaktene kva tiltak som er naudsynte å setja inn, seier Ringkjøb.

Lokale tiltak

Han seier at heradet òg jobbar med å sjå kva tiltak dei kan gjera lokalt for å hjelpa på den vanskelege situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått på plass struktur og system for det som har med liv og helse å gjera. Me vil no bruka ressursar på å finna ut kva heradet kan setja inn av tiltak for å hjelpa næringslivet, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.