STENGD: Rv 13 over Vikafjellet stengde torsdag ettermiddag grunna uvêr. Foto: Statens vegvesen - webkamera

Vikafjellet er stengt - kolonne på Vidda

Rv 13 over Vikafjellet stengde torsdag ettermiddag grunna uvêr, melder vegvesenet på Twitter.

Det er ikkje sagt noko om når vegen skal vurderast opna igjen.

Torsdag i 18-tida melde Vegtrafikksentralen også at det er innført kolonnekøyring for alle køyretøy på riksveg 7 over Hardangervidda, men at det kan verta innført kolonne berre for tunge køyretøy på kort varsel.