VIKAFJELLET: Slik så det ut ved Vossadalen klokka 08.45 laurdag morgon. Foto: vegvesen.no

Vikafjellet ope for trafikk

Klokka 10.00 laurdag vart Vikafjellet opna for trafikk.

Fjellovergangen vart stengd fredag klokka 1700 på grunn av venta rasfare.

Det vart gjort ei vurdering klokka 0800 i dag tidleg, som lova, men vegvesenet vurderte det ikkje som trygt å opna vegen.

Ny vurdering vart gjort klokka 1000, og då fann ein det trygt å opna.