STENGD: Vegen over Vikafjellet er stengd i nærleiken av Kvassdalen. Statens Vegvesen, Foto: Webkamera

Vikafjellet stengt av snøras

Onsdag rundt 11.30 gjekk det snøras på Rv 13 Vikafjellet i nærleiken av Kvassdalen, og vegen er no stengd.

Det opplyser trafikkoperatør Jon Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.

– Snøraset vart varsla av ein innringjar og skal vera rundt fire meter høgt og 40 meter breitt. Det vart sjekka av brøytemannskap, men ein konstaterte fort at ein berre måtte venta med opning inntil vinden løya, seier Omdal.

Det er ikkje noko som tyder på at nokon er tekne av raset, opplyste Operasjonssentralen ved Vest politidistrikt til BT i går. Politiet har difor ikkje sett i verk nokon aksjon.

– Vegen over Vikafjellet er framleis stengd – og det vert teke ei ny vurdering i dag kl. 14, opplyser Omdal på Vegtrafikksentralen.