STENGD: Det vert ikkje mogleg å ta seg over Vikafjellet i dag. Det vert gjort ny vurdering i morgon klokka 10. Foto: Statens Vegvesen webkamera

Vikafjellet vert ikkje opna i dag

Det vil verta gjort ny vurdering tysdag klokka 10, skriv Statens vegvesen på nettstaden sin.

Uvêret som herja natt til måndag har ført til stenging eller kolonnekøyring på dei fleste fjellovergangane. Tidlegare i dag kunne vegvesenet opplysa om at Rv 7 Hardangervidda ikkje ville verta opna i dag. No vil heller ikkje Rv 13 Vikafjellet verta opna i dag.

Her er Vegtrafikksentralen vest si oversikt over situasjonen ved dei ulike fjellovergangane: