SAMTALE FOR UNGDOM: Voss herad hara laga ei liste over aktuelle telefonar og nettsider. Foto: Bjørn Sandnes

Viktige telefonar viss born eller ungdom treng nokon å snakka med

I desse spesielle tider, kan situasjonen verta ekstra vanskeleg for dei som alt har noko dei slit med.

Voss herad tilrår derfor fylgjande telefonar, nettsider og chatte-tenester for dei som treng nokon å snakka med:

¤ Alarmtelefonen for born og unge er eit tillegg til eksisterande akuttberedskap for born og unge.

¤ Kirkens SOS Norge er ei døgnopen teneste på telefon og internett.

¤ Sidetmedord.no er ei netteneste som vert driven av Hjelpetelefonen 116 123. Hjelpetelefonen vert driven av interesseorganisasjonen Mental Helse.

¤ Kors på halsen er drifta av Røde Kors. Her kan alle opp til 18 år ringja, senda mail eller chatta og ta opp det som er viktig for dei.

¤ Unghjelp er ein ungdomsdriven organisasjon som deler og utvekslar erfaringer for å spreia kunnskap om psykisk helse mellom ungdom i Norge.

¤ RVTS har også laga ei øvingsplattform, en «samtalehjelp til deg som er bekymret for et barn» - snakkemedbarn.no