Dødsulukke på E16 mellom Sundve og Vinje i 2013. E16 gjennom Vossestrand er kjend for mange ulukker og trailerkaos vinterstid. No opnar regjeringspartia for offentleg-privat samarbeid for å få raskare utbygging av ny E16 mellom Skulestadmo og Oppheim. ARKIV
Dødsulukke på E16 mellom Sundve og Vinje i 2013. E16 gjennom Vossestrand er kjend for mange ulukker og trailerkaos vinterstid. No opnar regjeringspartia for offentleg-privat samarbeid for å få raskare utbygging av ny E16 mellom Skulestadmo og Oppheim. ARKIV Foto: DANIEL MELVE KVARME

Vil forsera ny E16 Oppheim-Skulestadmo

Regjeringspartia vil ha fortgang i utbygginga av ny E16 mellom Oppheim og Skulestadmo. - Situasjonen på vegen er uhaldbar, seier Torill Eidsheim i Stortinget.

Regjeringspartia ynskjer no å få bygt ny E16 gjennom Vossestrand gjennom privat medverknad. Torill Eidsheim som er Høgre-representant frå Hordaland og medlem i Transportkomiteen på Stortinget seier denne strekkja er veleigna som eit offentleg-privat samarbeidsprosjekt.

Planar for dette vart presentert på ein pressekonferanse i Oslo tysdag. Der kom det fram at regjeringa tenkjer nytt, og legg opp til at prosjektet gjennom Vossestrand vert vurdert som OPS-prosjekt fram mot ny Nasjonal transportplan.

- Vegen er gått ut på dato for lengst

Noko tidsperspektiv for når arbeidet kan starta opp, er pr i dag uråd å leggja. Men Iril Schau Johansen håpar ny E16 kjem så fort som det i det heile tatt er råd. - Vegen er gått ut på dato for lengst, seier den lokale Høgre-politikaren.

Strekkja frå Ænsmoen til Oppheim er 20 kilometer lang, og det ligg føre reguleringsplanar for delar av strekkja.

- Samarbeidspartia vil framover reindyrka offentleg-privat samarbeid (OPS) som ein strategi. Dette kan nyttast på dei prosjekta det gjev ein meirverdi for samfunnet, seier Eidsheim.

Synfaring og aksjonar på E16 har gjort inntrykk, seier Torill Eidsheim (t.v.), her saman med Kjersti Toppe. - Me håpar vårt forslag kan bidra til fortgang i vegutbygginga, seier Eidsheim.
Synfaring og aksjonar på E16 har gjort inntrykk, seier Torill Eidsheim (t.v.), her saman med Kjersti Toppe. - Me håpar vårt forslag kan bidra til fortgang i vegutbygginga, seier Eidsheim.

Ulukker og trailerkaos

Eidsheim seier at situasjonen pr i dag er heilt uhaldbar på E16 gjennom Vossestrand og til Skulestadmo.

Ho synest at strekkja har fått ufortent lite fokus på riksplan, ut frå tilstanden på vegen. Partiet er ein del av stamvegen mellom Oslo og Bergen, dei to største byane i landet.

- Vegen er smal og trafikkfarleg, og det skjer mange ulukker. Vinterstid oppstår regelmessig situasjonar der vogntog kjem på tvers og lagar trafikkaos, seier Eidsheim.

Sterkt lokalt engasjement

Samtidig trekkjer ho fram lokalfolket for sterkt engasjement.

- Eg har sjølv vore på synfaring på Vossestrand og opplevd aksjonar frå bygdefolk. Dette har gjort inntrykk. Me ser behovet for fortgang i utbygginga, seier Torill Eidsheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samferdselspolitikaren frå Hordaland meiner det er ei gladsak at regjeringa no legg fram saka for Stortinget i samband med vegreforma.

Iril Schau Johansen gratulerer aksjonsgruppa. - Dei har lagt ned ein stor innsats over fleire år, og skal ha mykje av æra for at prosjektet ser ut til å koma i gang, seier ho.

Treng prioritering og ressursar

Reguleringsplan for strekkja Oppheim-Skulestadmo er langt på veg ferdig. No står det på prioritering og tilførsel av ressursar, seier Eidsheim.

Ho meiner at OPS ikkje nødvendigvis å bety at det vert bompengar. Med OPS får private aktørar ansvar for både å planleggja, byggja, driva og vedlikehalda vegar. Gjennom OPS-kontrakten får det private selskapet jamleg betalt etter at vegen er opna og gjennom alle åra dei har ansvar for han.

Ynskjer private entreprenørselskap

- Ideen er å få inn private entreprenørar til å bidra til raskare realisering av utbyggingsprosjekt. Dei går inn med sin kapital tidleg i prosjektet, og får betalt når anlegget vert overlevert. Dette tilseier at dei private entreprenørane er svært nøye på å få ei effektiv utbygging, seier Torill Eidsheim.

- Me meiner dette prosjektet med ei samanhengjande strekkje gjev eit godt utgangspunkt for å nytta offentleg-privat samarbeid, seier ho.