annonse

Vinglete vogntog vart stansa på E16

POLITI:
POLITI: Politiet rykte ut til eit vinglete vogntog langs E16. Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt opplyser at førarkortet er inndrege og blodprøve er tatt. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

Føraren av vogntoget fekk inndrege førarkortet etter merkeleg og vinglete køyring på E16.

Marita Saue Hamre

Etter meldingar frå bilistar om vinglete køyring lang E16 i retning Voss, stansa ein patrulje frå politiet på Voss føraren som er i 20-åra ved Kvåle på Voss.

– Det vart bestemt av jurist at mannen fekk inndrege førarkortet. Det vart i tillegg tatt utvida prøve etter mistanke om ruspåverka køyring, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt.

Politiet opprettar sak etter hendinga, som skjedde onsdag kveld klokka 19.10.

Les òg:

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse