Politiet rykte ut til eit vinglete vogntog langs E16. Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt opplyser at førarkortet er inndrege og blodprøve er tatt.
Politiet rykte ut til eit vinglete vogntog langs E16. Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt opplyser at førarkortet er inndrege og blodprøve er tatt. Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv

Vinglete vogntog vart stansa på E16

Føraren av vogntoget fekk inndrege førarkortet etter merkeleg og vinglete køyring på E16.

Etter meldingar frå bilistar om vinglete køyring lang E16 i retning Voss, stansa ein patrulje frå politiet på Voss føraren som er i 20-åra ved Kvåle på Voss.

– Det vart bestemt av jurist at mannen fekk inndrege førarkortet. Det vart i tillegg tatt utvida prøve etter mistanke om ruspåverka køyring, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt.

Politiet opprettar sak etter hendinga, som skjedde onsdag kveld klokka 19.10.

Les òg:

-Ein meld til politiet under kontroll.

-Vogntog krasja i taket i E16-tunell.