annonse

Vogntog har køyrt inn i busskur på E16

RYKKJER UT
RYKKJER UT: Politiet er på veg til uhellet på E16 ved Saue camping. (Foto: Daniel Melve Kvarme / arkiv)

Eit vogntog har køyrt inn i eit busskur ved Saue camping på Voss. Vegen er no opna for manuell dirigering.

Geir Geitle

Trafikkuhellet som har skjedd langs E16 er ei singelulukke, melder politiet på Twitter.

Naudetatane er på veg, og det er ein del kø på staden.

Uhellet skjedde rett før klokka 08.

Politiet melder litt over klokka 08 at vogntoget er lasta med trelast. Vegen vart heilt sperra.

Klokka 09.20 melder Vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering på staden på grunn av bilberging og oppryddingsarbeid.

Hordaland kjem tilbake med meir.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse