Eit vogntog køyrde utfor vegen ved Sundve torsdag.
Eit vogntog køyrde utfor vegen ved Sundve torsdag. Foto: Jørn Helge Nordgård

Vogntog køyrde i grøfta på Sundve

Torsdag morgon låg eit vogntog utfor vegen like ved skulen på Sundve.

– Flaks at det er haustferie, elles hadde eg vore veldig redd for skuleborna, seier Jørn Helge Nordgård til Hordaland.

Han tipsa om eit vogntog som låg i grøfta på Sundve.

– Føraren har køyrt utfor vegen like etter busskuret på veg mot Voss, fortel Nordgård.

Vest politidistrikt hadde ikkje høyrt om hendinga då Hordaland ringde i 09-tida torsdag. Mykje tyder på at utforkøyringa har skjedd natt til torsdag.

Manuell dirigering under bilberginga

Ifylgje Vegtrafikksentralen skal bilberginga starta i 09-tida torsdag.

Bilbergar er på staden, og får vogntoget opp frå grøfta.
Bilbergar er på staden, og får vogntoget opp frå grøfta. Foto: Jørn Helge Nordgård

– Me veit ikkje når dette skjedde, men det er i alle fall bilbergar på staden, seier Lise Kristoffersen hjå Vegtrafikksentralen.

E16 Vossestrandvegen v/Sundve skule i Voss kommune manuell dirigering pga bilberging av et vogntog, trafikken slippes forbi hvert 10min.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)October 11, 2018

Det var manuell dirigering på E16 på grunn av bilberginga.

– Trafikken blir sleppt forbi kvart 10. minutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikktryggleik

– Kvar er trafikktryggleiken på strekkja på Sundve, undrar Nordgård.

Han meiner at vegvesenet og ordføraren lyt koma på banen, og gjera noko med trafikktryggleiken i området.

– Det er andre traileren som køyrer utfor på kort tid, og me har alt lese iHordaland at bussjåførane er frustrerte over trafikkbiletet, presiserer han.

Han legg til at dersom sjåføren av vogntoget hadde vore endå meir uheldig, så kunne han hamna midt på skulegarden til Vossestrand barne- og ungdomsskule.