UTFOR: Føraren på dette vogntoget køyrde inn i autovernet, og hamna utfor vegen. Ingen vart skadde. Foto: Eidfjord bilberging AS

Vogntog køyrde inn i autovernet på Vidda

Naudetatane rykte ut til Halne på Hardangervidda etter at eit vogntog krasja i autovernet.

Vest politidistrikt melde på Twitter at ingen skal vera skadde i hendinga, som skjedde ved Halne ikkje så langt frå Dyranut.

– Det var to personar i vogntoget. Begge er ute av køyretøyet, og uskadde, opplyser politiet.

Rundt klokka 16.30 opplyser politiet at tre personar som kom køyrande i ein personbil i motgåande køyrefelt er sjekka av ambulansepersonell. Politiet skriv at det nesten blei ein kollisjon, men at ingen er skadd.

Dei involverte er likevel noko prega av hendinga, ifylgje politiet.

Bilbergar jobba med å fjerna vogntoget som køyrde inn i autovern.

Det er ingen mistanke om at sjåføren var rusa, ifylge Vest politidistrikt.

Vegen er open

Meldingane som kom inn klokka 15.32 onsdag opplyser at vogntoget har hamna i autovernet, og «saksa» seg.

– Trekkvogna og hengjaren står heilt skeivt. Det er ikkje sikkert korleis dette har skjedd.

Naudetatane rykte ut til hendinga. Det skal vera fine forhold på vegane, ifylgje politiet.