Flenjatunnelen på E16 ved Flåm er stengd etter at eit vogntog tok opp i tunneltaket.
Flenjatunnelen på E16 ved Flåm er stengd etter at eit vogntog tok opp i tunneltaket. Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv

Vogntog krasja i taket i E16-tunell

Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen langs E16 vart stengde etter uhellet.

Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen på E16 vart stengde etter at eit vogntog tok oppi tunneltaket i Flenjatunnelen.

Det melde Vegtrafikksentralen vest på Twitter onsdag ettermiddag.

– Entreprenør er på veg for å rydda opp, melde trafikksentralen.

Like etter klokka 17.30 vart tunellane opna att.

E16 Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen i Aurland er åpen for fri ferdsel

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)July 9, 2019