Gå til sidens hovedinnhold

Voss banka Fjøra 5-0 borte

Artikkelen er over 10 år gammel

FOTBALL: Fbk Voss sette eit strålande punktum for vårsesongen då Fjøra vart banka 5-0 på Sogndal stadion torsdag.

Målskårarar: Sondre Øvsthus Skutle (10.), Kristian Eikeland (14.), Maid Memic (31.), Håkon Seim (34.) og Kim André Njaastad (51.).

- Einvegskøyring?

- Det starta faktisk med ein utruleg sjanse frå Fjøra si side, der me så vidt klarte å redda på streken. Men etter kvart tok me over, seier Einar Melve som er administrativ leiar for A-laget i 3. divisjon.

- Når me klarte ein 5-0-siger, lyt me nok også vedgå at me hadde utruleg utteljing på sjansane våre, ikkje minst dødballane.

Etter ein fest av ein førsteomgang, som gav fire flotte mål, roa det seg mykje ned etter pause, seier Melve.

Etter at Kim André Njaastad hadde nikka inn 5-0 (fjerde målet med hovudet for kvelden), skjedde det relativt lite på Sogndal stadion.

Etter halvspelt serie ligg Voss no på 2. plass i 3. divisjon sin avdeling 8 med 29 poeng. På topp ligg Fana, med 31 poeng.