STENGD: Voss Gondol held stengd torsdag på grunn av uvêr. Foto: Rolf Tepstad

Voss Gondol stengd på grunn av uvêr

Torsdag er gondolen stengd på grunn av sterk vind og mykje nedbør.

Som varsla av Meteorologisk institutt vakna vossingane opp til sterk vind og mykje nedbør torsdag morgon.

På grunn av vêret som er meldt held Voss Gondol stengd torsdag.

Det melder dei på sine eigne Facebook-sider.

Oppgradert farevarsel

Meteorologane oppmodar folk om ikkje å ta fleire turar utandørs enn naudsynt torsdag.

I tillegg til mykje nedbør, kan det til dels og bli kraftig vind.

Det er gult farevarsel for jordskred og regn medan fare for snøskred er oppgradert til oransje farevarsel.