No startar bygginga av nye Voss Gymnas
Anleggsarbeidet med nye Voss Gymnas er i gang. - Her skal det byggjast ein heilt ny skule, seier rektor Unn Fauskanger.
- 1. juli overleverte me store delar av bygningane som skal rivast vekk. Rivingsarbeidet er starta opp innvendig, og vil breia om seg i løpet av sommaren, seier gymnasrektoren.
Ny anleggsveg frå Statoil og opp til Skulehaugen vert også bygt temmeleg snart. På anleggsvegen skal det mellom anna fraktast vekk store mengder grus som skal gravast ut frå Skulehaugen for å laga tomt til nybygget. Skogshogst vert det også på den utvida tomta i løpet av sommaren.
Eit stort modulbygg er i tillegg kome opp ved inngangsporten til Voss Gymnas frå Nainsbrekka. - Dette vert undervisningsrom i fysikk, kjemi og biologi for elevane våre dei to neste skuleåra. Modulane er heilt nye. Dei har ikkje vore i bruk før, og skal verta fine lokale for skuleelevane, seier rektoren.
Riv vekk det nyaste
Ein utfordrande og spennande periode står for døra - både i byggjefasen og tida etterpå når den nye skulen skal takast i bruk.
Bygningane som skal rivast, er den nyaste delen av gymnaset. Det vil seia bygget nærast Vosso, med gymnastikksal, musikkrom og fysikkrom. Den ærverdige rektorbustaden skal også vekk - saman med vaktmeisterbustaden som siste åra har vore kantine.
- Nokre provisoriske ordningar må derfor til dei neste to åra for å bøta på manglane med bygningane som vert vekke, seier rektor Fauskanger. Planen er at nybygget skal stå klart i mars 2017.
Musikk til kulturhuset
Musikkelevane mister alle romma sine, og skal ha mykje undervisning i Voss kulturhus og på Voss husflidskule. Idrettselevane bruker Voss idrettshall som før, medan andre elevar skal bruka gymsalen på Vatle. Realfaga flytter som nemnt til modulbygget ved porten.
Kantina skal flyttast til kafeen i Idrottshuset. - Bestemors kjøkken, som ein dag for veka tilbyr middagsservering - held også fram der. Dette er eit kjempegodt tilbod i samarbeid med Nabobeino, og me er veldig glade for at det held fram, seier Fauskanger.
Pr i dag står mykje skuleutstyr lagra i kontainerar ute på skuleområdet. Pianoa som ville vorte øydelagde av slik lagring, er flytta til kulturhuset og husflidskulen.
Siste vekene har det vore ein veldig flyttesjau på gymnaset. Det er ein stor jobb å tømma så mykje lokale, men det har gått over all forventning.- Folket her har gjort ein kjempejobb, rosar Fauskanger.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette vert fantastisk
Ein entusiasme for den nye skulen er i ferd med å spreia seg.
- Dette vert fantastisk, seier Knut Steinar Skiple, avdelingsleiar for idrettsfag, som ser med spenning på det som skal koma. For idrettsklassane vil byggjeperioden gå greitt.
- Me har idrettsanlegg rundt om i bygda, og vil ikkje lida naud, seier Skiple. Når Hordaland er der, ryddar han ut smørjebua for langrenn- og slalåmski. - Smørjebua flytter me no. Ho er spesielt viktig for hybelfolk på Voss, seier Skiple som illustrasjon av alle tinga som må ordnast.
Rektor for to
Unn Fauskanger poengterer at det skal byggjast ein heilt ny skule, der delar frå andre skular i dag skal smeltast saman.
Eit teikn på at samansmeltinga er i gang, er at Fauskanger frå 1. august er rektor både for Voss Gymnas og Voss husflidskule.