Logolink AS.
Logolink AS.

Pungar ut 20 millionar til ny gondol

Politikarane i det kommunale kraftfondet trylla 20 millionar opp or hatten til ny gondolbane på Voss. - Eit godt signal, seier Øyvind Wæhle i Voss Resort.

- Skal det bli noko av gondolprosjektet, må me senda eit skikkeleg signal, sa politikarane i det kommunale kraftfondet.

Dobbelt så mykje som administrasjonen hadde tilrådd!

Tilskotsdelen skal likevel vera 5 mill kr, som tilrådd. Men i staden for 5 mill kr som rentefritt ansvarleg lån til prosjektet, tredobla Kraftfondet låneramma til inntil 15 mill kr på møtet tysdag - etter framlegg frå Arbeidarpartiet. Summen skal utbetalast over ti år, med 2 mill kr årleg frå 2017.

Saka går dermed til kommunestyret for avgjerd (10. desember) med nemnde tilråding. Rett nok mot Hilde Lussand (Sp) si røyst.

- Vil tappa fondet

Hilde Lussand var heller ikkje imot at gondolprosjektet skulle få tilskot og lån frå Kraftfondet.

Logolink AS
Logolink AS
NORDIC OFFICE OF ARCHITECTURE.
NORDIC OFFICE OF ARCHITECTURE.
Toppstasjonen på den nye gondolen skal vera på Hangurstoppen, lenger opp enn der toppstasjonen ligg i dag.
Toppstasjonen på den nye gondolen skal vera på Hangurstoppen, lenger opp enn der toppstasjonen ligg i dag.

- Men summen er for høg. Hentar me 2 millionar ut frå kraftfondet til gondolprosjektet kvart år, vil me berre ha 800.000 kroner att til alle andre prosjekt som skal sikra knoppskyting i Vossebygda, sa Lussand, og minna om at det frå før ligg inne nær 1,7 mill kr årleg til symjeanlegget på Vangen. Pluss årlege tilskot til Voss Eigedom og drift av turistinformasjonen på Voss.

Partifelle Nils T. Bjørke var samd i at summen til andre prosjekt vil verta for liten.

- Men der meiner eg at me heller bør jobba for å få bort eitt av dei andre prosjekta. Og at drifta av turistinformasjonen skal skje over vårt budsjett, er for meg heilt feil. Dette driftstilskotet bør heilt klart over på kommunestyret sitt budsjett, noko me bør jobba for i kvar våre parti. Med dét på plass, vil me framleis ha innpå to millionar att til årleg fordeling. Og då er me på same nivå som i dag, sa Bjørke.

I det endelege vedtaket kom dette òg inn som eige punkt. - Som ein naturleg konsekvens av vedtaket må overføringa til Destinasjon Voss for drift av turistinformasjonen over på kommunen sitt driftsbudsjett frå 2017, heiter det dermed i tilrådinga Kraftfondet sender vidare til Voss kommunestyre.

15 millionar i lån

Debatten i Kraftfondet synte alt frå starten at medlemene her vurderte administrasjonen si tilråding som knuslete.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vårt vedtak bør ha ein klar signaleffekt ut. Omverda lyt få vita at dette er eit prosjekt me verkeleg har tru på, sa Sveinung Riber (H).

- Og då er 10 millionar frå Kraftfondet ikkje nok, supplerte Klaus Skjeldal (Ap), som òg er leiar i Kraftfondet.

- Me burde heller yta 20 millionar, som omsøkt, eller i alle fall 15, var hans fyrste vurdering.

- Men mesteparten bør vera eit ansvarleg lån. For gondolbanen skal, håpar me, bli eit lønsamt prosjekt med tida. Då vil det verta rom for å betala vårt innskot tilbake. Og motsett, om driftsselskapet skulle gå konkurs, eller bli selt ut or bygda, lyt me sikra at våre pengar ikkje forsvinn undervegs. Skjeldal signaliserte difor òg at her må bli omfattande avtalar mellom partane som regulerer Voss kommune sine interesser i saka.

- Sentrumsutvikling

- Ja, og her lyt klare rekkjefylgjekrav på plass i avtalane. Gondolselskapet skal ikkje berre kunna hausta, samstemde Sveinung Riber.

Torunn Hegland (Ap) minna i den samanheng om at fyrste utbetaling ikkje skal skje før i 2017, og at det fylgjeleg er rikeleg med tid til å laga ein god og grundig avtaletekst.

Partifelle Erik Østlie syntest òg det var på sin plass å lyfta blikket til kva han meiner saka eigentleg handlar om.

- Gondolbanen til Hangurstoppen er den største reiselivssatsinga på Vangen sidan Fleischer's Hotel vart bygt. Banen vil i tillegg vera det viktigaste bidraget som kan tenkjast i arbeidet med å skapa ny vekst på Vangen og attreisa eit levande sentrum. Den samfunnsøkonomiske effekten av hundre nye arbeidsplassar bør me heller ikkje gløyma. Så sjølv om det går 20 millionar ut frå Kraftfondet, trur eg prosjektet vert skikkeleg lønsamt for kommunen på sikt, sa Erik Østlie.

- Eit godt signal

Vedtaket i Kraftfondet er eit godt signal for det som vidare skal skje i saka, seier Øyvind Wæhle i Voss Resort.

- De bad om 20 millionar i støtte, uspesifisert. Er 5 millionar i tilskot og 15 millionar i lån i pakt med dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ei slik fordeling vil vera heilt i tråd med Voss Resort sin søknad, seier selskapet sin administrerande direktør.

- Men i og med at saka skal til kommunestyret for endeleg vedtak, vil eg avventa avgjerda der før eg gjev nærare kommentarar.

Dei til saman 20 millionane skal ytast det nyskipa selskapet Voss Gondol AS, som pr i dag er heileigd av Voss Resort AS.

- Men selskapet skal opnast opp for eksterne investorar etter kvart, opplyser Wæhle.

- Skal Voss Resort alltid ha aksjemajoriteten i selskapet?

- Majoriteten skal i utgangspunktet liggja hjå Voss Resort. Men kva som kan skje i framtida, er uråd å fastslå, seier Wæhle til Hordaland.