Veteranbileigarar frå heile Vestlandet kjem til Voss for å vera med på VossaRudl'n laurdag. Her frå 2014.
Veteranbileigarar frå heile Vestlandet kjem til Voss for å vera med på VossaRudl'n laurdag. Her frå 2014. Foto: Ø.Hellesnes

Veteranbilar gjennom vakker vestlandsnatur

Laurdag er det duka for Vestlandet sitt største veteranbil-arrangement. I VossaRudl'n får veteranbilistane ein rundtur gjennom Voss, Granvin og Ulvik.

VossaRudl'n er eit turløp for veterankøyretøy, og i alt 164 bilar er påmeldt. Turen går først rundt Vangsvatnet, på smale bygdevegar. Deretter set dei kursen mot Hardanger, med målgang i Ulvik. På grunn av sykkelløpet Bergen-Voss same helg, får ikkje veteranbilane køyra gjennom Skjervet denne gongen. Men det er nok av naturopplevingar undervegs likevel.

Bilane stiller opp på plenen nedanfor Fleischers Hotel laurdag morgon, slik at publikum har høve til å studera dei mange staselege vognene før dei køyrer av stad. Mellom bilane som stiller til start, er ein mørk grøn engelskprodusert MG TC, som har vore vossaeigd sidan Ole Jan Persen kjøpte den i 1969. Seinare har den vore eigd av Leif Gjerme, og no er det Lars Sverre Almeland som stiller med totalrenovert 70 år gamal bil med sjel. Historia til bilen har fått mykje omtale i programheftet til VossaRudl'n 2016. Arrangør av veteranvognløpet er Køyretøyhistorisk klubb Voss.

Deltakarane i veteranvognløpet har program heile helga, med grillkveld og konsert fredag. Felles lunsj undervegs i løpet laurdag, premieutdeling og festbankett på Brakanes laurdag kveld, og omvising på Olav H. Hauge-senteret sundag.