Tove Grane og We Norwegians har flytta frå Banksmidja til ny butikk i Vangsgata.
Tove Grane og We Norwegians har flytta frå Banksmidja til ny butikk i Vangsgata.

We Norwegians er på plass i Vangsgata

Klesmerket We Norwegians er i siget for tida, både i utlandet og heime. I helga opna dei sin nye butikk på Vangen.

- Godt å vera på plass, fortalde klesdesignar og gründer bak merket «We Norwegians», Tove Grane, då Hordaland stakk innom den nye butikken til We Norwegians i Vangsgata. I helga kunne dei ta imot dei fyrste gjestene i sobre lokale i ei adventsopplyst vintergate. På rad og rekkje hang ullkleda som Grane sjølv har designa.

Det er hektiske dagar for klesprodusenten, ikkje minst grunna­ suksess på marknaden i USA, men i butikken på Vangen var det roleg og lunt, med fyr i peisen og eit jamt besøk av nyfikne kundar.

I hovudsak er det klede av eige merke som vert selt frå butikken på Voss, men eigaren fortel at dei også har eit par andre merke som høver til kolleksjonen.

- Det kan verta aktuelt å ta inn noko meir også, men me får sjå litt korleis det går, fortalde Tove Grane.