Statens vegvesen.
Statens vegvesen.

Ynskjer sterkt jordvern ved ny E16 på Stronde

VOSS: Tunell på nordsida eller sørsida av Oppheimsvatnet var ikkje tema då Voss formannskap drøfta ny E16 på Stronde torsdag.

Derimot samla heile utvalet seg kring eit innspel frå Sigbjørn Hauge (Sp), som ynskte jordvern inn som ein tung premiss i det vidare planarbeidet. Ei god og tenleg kryssløysing på staden der vegen får kryss mot Myrkdalen og Vik var eit anna kjernepunkt i Hauge sitt innspel, som òg vart del av formannskapet si samrøystes tilråding til kommunestyret i saka.

Nye langtunellar

Nett kvar denne samankoplinga skal koma, er ikkje klarlagt. Fire av dei ni traséane som skal jobbast vidare med passerer rett sør for Vinje, der vegen går ute i dagen mellom to langtunellar (ein mot Haugsvik og ein mot Tvinno).

Dei fem andre alternativa har trasé på sørsida av Oppheimsvatnet, og kjem ikkje ut att i dagen før ved Åsbrekke eller Tvinno, alt etter kva løysing som vert vald. Påkoplinga mot Vikafjellet lyt fylgjeleg skje frå ein av dei nemnde stadene.

Tunellar og deponi

I formannskapet var det fleire som syntest det kunne bli i mestelaget med tunellar på framtidsvegane her lokalt. - Mange og lange tunellar er neppe bra i eit turistaspekt, påpeika Jorunn Ytrefjord (V).

- Viktig då at me også har gamlevegen open, slik at turistane kan velja, repliserte ordførar Hans-Erik Ringkjøb (Ap).

- Mange tunellar skaper også trong for steindeponi. Og slike deponi er alltid eit trugsmål mot dyrka mark, minna Arne Mosefinn (KrF) om.

- Men det finst som regel løysingar, om me stiller krav, var Iril Schau Johansen (H) sin resept.

Saka som var på bordet torsdag galdt ikkje vegløysingar i seg sjølv, men framlegg til planprogram for det som skal bli kommunedelplanen for strekkja Slæn-Tvinno.

Høyring i desember

Med andre ord: korleis prosessen vidare skal vera, og kva som skal konsekvensutgreiast før det endelege planframlegget går på høyring. Høyringa skal etter skissert framdriftsplan starta i desember månad, og så håpar Statens vegvesen på endeleg godkjent planen våren 2017.

Planprogrammet går no til Voss kommunestyre med samrøystes tilråding om godkjenning, og med fylgjande tillegg:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Formannskapet vil understreka at vern av dyrka jord og ei god og tenleg kryssløysing for samankopling med RV13 mot Myrkdalen og Vik vert prioritert i det vidare arbeidet med planen.