Eit isras stengde delvis vegen mellom Vinje og Oppheim torsdag. Her er vegen rydda av entreprenøren.
Eit isras stengde delvis vegen mellom Vinje og Oppheim torsdag. Her er vegen rydda av entreprenøren. Foto: Stine Strand Carlsen

Isras stengde delvis E16 ved Vinje

E16 er open att etter at is og snø rasa ut på E16, og sperra delvis vegen litt nord for Vinje.

Like før klokka 12 torsdag melde Vegtrafikksentralen om eit isras mellom Vinje og Oppheimsvatnet. 

– Naudetatane rykte ut saman med entreprenør for å få fekk isen frå vegen, opplyste Eirik Rystad Skånøy hjå Vegtrafikksentralen. 

Ingen køyretøy vart tatt av raset.

Vegen opna att like etter klokka 12:30 torsdag. 

Mindre isras sør for Vinje

I tillegg var det eit mindre isras på E16 litt sør for Vinje. 

– Det var mindre mengder is som hadde kome ned i vegbana, skriv politiet på Twitter. 

Entreprenør har rydda vegen, både på Vinje og ved Oppheimsvatnet. 

E16#Vinje; kun noen mindre isras. Ikke noe snøras. Opprydningsarbeid pågår.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)March 22, 2018

#Vinje, Voss. Politiet er på staden. Det var mindre mengder is som hadde rast ned i vegbana. Entreprenør har allereide rydda.https://t.co/E5WUr6AvNM

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vest politidistrikt (@politivest)March 22, 2018