Vegen over Vikafjellet er stengd, men statusen skal vurderast kl. 10 måndag.
Vegen over Vikafjellet er stengd, men statusen skal vurderast kl. 10 måndag. Foto: Lars Helge Rasch

Vidda og Vikafjellet opna

Hardangervidda opna for fri ferdsel att seint sundag kveld. Måndag like etter klokka 9 opna Vikafjellet også.

Dei fleste fjellovergangane var stengde eller hadde kolonnekøyring under uvêret laurdag og sundag.

Utover sundagen opna dei fleste, og klokka 23.30 vart også Hardangervidda opna for fri ferdsel etter å ha hatt kolonnekøyring nokre timar.

Vikafjellet har vore stengt heile helga på grunn av uvêr og rasfare. Klokka 09.10 måndag morgon elder Vegtrafikksentraklen at også denne fjellovergangen no er open.

Rv 13 Vikafjellet er åpent for trafikk.

— Vegtrafikksent. vest (@VTSvest)March 25, 2019