No vil heradet setja i verk Home-Start som eit prøveprosjekt på Voss i 2024, 2025 og 2026.
Home-Start Familiekontakt er retta mot småbarnsforeldre og er sett på som eit lågterskeltilbod.
Frode Monsen, kommunalsjef for oppvekst i Voss herad, opplyser at heradet kjem til å lysa ut ein konkurranse om å driva tenesta for heradet.
Deretter vil heradet inngå ein samarbeidsavtale med ein frivillig organisasjon som driv og koordinerer tilbodet.
Vitjar småbarnsfamiliar
Aktuelle organisasjonar som vert nemnde, er Røde Kors, Kirkens Bymisjon eller Frelsesarmeen.
Organisasjonen engasjerer så frivillige som går gjennom ei opplæring og vitjar småbarnsfamiliar to til fire timar i veka.
– Frivillig innsats klarer me best å mobilisera gjennom frivillige organisasjonar, trur Frode Monsen.
Tilbodet rettar seg mot familiar som har minst eitt barn under skulealder, og som sjølve ynskjer støtte på grunn av ulike utfordringar i kvardagen.
Dette opplyser Borghild Haugo Ure i Voss herad.
Det kan omfatta dei som ikkje har familie i nærleiken, og treng ekstra støttespelarar eller avlasting i kvardagen.
Gje borna ein god barndom
– Visjonen er at alle småbarnsforeldre som er i ein sårbar fase skal få den støtta dei treng for å gje borna sine trygge og gode oppvekstvilkår, opplyser Ure.
Målet er å få gitt hjelp i ein tidleg fase slik at familien får hjelp før utfordringane blir for store.

Skapar varme og liv i Bonangergata
Familiane kan sjølve ta kontakt, eller dei kan få tilvising frå offentlege instansar i kommunen.
– Det viktigaste er at familiar får hjelp på eit lågt nivå, kommenterer Tonje Såkvitne, Sp, påtroppande ordførar i Voss herad.
Det nye familietilbodet kom opp som sak i Voss heradsstyre på siste møtet. Mellom dei folkevalde var det det full semje om å gå inn på opplegget.
– Eit godt initiativ og tiltak, var gjennomgangsmelodien frå dei som tok ordet.
Kostnaden på éin million kroner årleg skal dekkja utgifter til løn for eitt årsverk, lokale og andre driftsutgifter.
Voss herad opprettar Fritidsfond for born og unge
Familiekontaktar
Dei frivillige blir såkalla familiekontaktar. Dei skal besøkja familien éin gong per veke, over ein periode på om lag eit halvt år.
– Ideen bak Home Start er at familien har behov for ein likeverdig person, som sjølv har foreldreerfaring, og som familien kan dela gleder og sorger med, opplyser Borghild Haugo Ure i Voss herad.
Familiekontaktane er vaksne over 20 år som anten har foreldreerfaring eller anna erfaring med born.
I tillegg må ein ha gjennomgått Home-Start førebuingskurs.
Opnar ny hengeplass for ungdom på Voss
Rådmannen i Voss herad skal no arbeida vidare med å få til samarbeidsavtale med ein frivillig organisasjon som skal koordinera og driva tilbodet.
Home-Start vart grunnlagt i England i 1973, og kom til Noreg i 1995. I dag er Home-Start lokalisert i 39 kommunar i Noreg.
Nei til livssynsnøytral organisasjon
Ein stor del av debatten i Voss heradsstyre dreia seg om organisasjonane som skal kjempa om oppdraget skal vera livssynsnøytrale eller ikkje.
– Me vil at oppdraget skal gå til ein livssynsnøytral organisasjon, slik at alle som skal motta hjelp kjenner seg velkomne, sa Dag Sandvik frå SV.
Han ville ha dette nedfelt i vedtaks form.
Fleire gjekk veldig imot, mellom andre Iril Schau Johansen, Høgre.
– Det går an å få med i avtalen at dei som får oppdraget, skal opptre livssynsnøytralt. Me må ikkje ekskludera dei som vil vel og som gjer ein god jobb i Voss herad, som Kirkens Bymisjon.
Tonje Såkvitne sa at det ikkje er viktigast kvar organisasjonen kjem frå, men at det fungerer godt.
– Dei skal uansett opptre med likeverd og respekt. Og då er det livssynsnøytralt.
– På feil spor
Tom Jarle Istad Kristiansen, KrF, kom også med klar melding til Dag Sandvik:
– Me må passa på at me ikkje ekskluderer Kirkens Bymisjon og Frelsesarmeen som har vore her i ei årrekkje, og hjelper alle menneske. Frelsesarmeen driv integreringsarbeid, fotball og kafe for ukrainarar. Slik har det vore i alle år. Om me no skal ekskludera dei som gjer slikt arbeid, då er me på feil spor!

Helge Vatne (58) fekk tips av barnebarnet Ane (14): – Det er reine sportsbutikken
I tillegg opplyste rådmann Arild M. Steine at dei som får avtalen må signera eit dokument på å sikra lik behandling uansett etniske og religiøse tilhøve.
– Så dette er dekt inn, sa Steine.
Ved røystinga sanka framlegget frå Dag Sandvik berre fire røyster – frå SV og Raudt – og fall mot 39 røyster.
Heradsstyret vedtok deretter innstillinga frå rådmannen samrøystes.
Dessutan vedtok heradsstyret eit tilleggsframlegg frå Bridget Penny, Raudt, om at det bør vera romsleg høve til å motta hjelp over lengre tid enn seks månader, om det er behov for det.

Tora (92) og Brynjulv (93) feirar utanfor heimen for fyrste gong: – Me har gått på isen for å koma hit
