Etter siste storflaumen har det kome fram ytringar om at flaumutsette bustader bør fråflyttast. Dette vil i så fall fyrst og fremst gjelda sentrum på Evanger, og er ei lettvint ansvarsfråskriving. Nortura si blomstrande spekematverksemd har gått tapt av di det ikkje såg ut til å verta gjort noko med flaumproblema.

Den realistiske løysinga på flaumproblema i Vossavassdraget vart funnen av vossingen Jarle Østerbø og han gjorde det kjent på folkemøtet i Voss Kulturhus i oktober 2016: Ein grov flaumtunell 135 m² som skal starta nede i fjellet under skytebanen på Skjerve. Dette i kombinasjon med eit kraftverk ved Raundalselva nokre meter høgare oppe, og med luker som til vanleg vil leia vatnet attende til sitt naturlege løp. Ein mindre tunell frå Lønavatnet koplast på. Oftast vil det vera naudsynt å opna for å sleppa ut vatn frå Raundalselva fyrst, og styra meir over på inntak frå Strandaelva etter kvart.

Denne løysinga vart ikkje helsa velkomen av dei som sit med makta i Voss herad. No har det gått seks år til utan at saka har kome lenger. Det har vore brukt store ressursar på å finna løysingar på å få flaumvatnet raskare forbi kommunegrensa. NVE held framleis på med å finna ut kor raskt vatnet kan strøyma gjennom sand og grusmassane under Vangen. Dei fleste av oss amatørar forstår at når Vangsvatnet stig, trykkjer det på vatnet som til ei kvar tid står under Vangen frå før.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har gjort ein kjempeinnsats i samband med den flaumkrisa som Voss/Evanger på nytt har opplevd. Når det gjeld løysingar framover, bør korkje han eller andre trekkja inn gamle idear om demningar som i tilfelle ville ha sett store område i Rjoandalen og Raundalen under vatn. Dette er ei avsporing om ei naturøydelegging som det neppe kan vera nokon i våre dagar som vil gå inn for. Østerbø si løysing inneheld eit elvekraftverk der vatn vert teke inn i ein tunnel ved Reimegrend og går til eit kraftverk ved Skjerve, ved Raundalselva litt nord for Bjørke.

Det er avgjerande viktig å få til ei slik effektiv løysing no, og ikkje somla vekk enno meir tid. Dette både av omsyn til Vangen, Seimsgrend, Evanger, Bolstad og vidare til våre gode grannar i Vaksdal. Og med den stigande verdien av rein fornybar kraft, er Raundalselva i stand til betala for store deler av ein realistisk kostnad.