Thomas Fenne, Bjarte Solvang, Martin Femsteinevik og Erling Aalvik.
Thomas Fenne, Bjarte Solvang, Martin Femsteinevik og Erling Aalvik. Foto: Svein Halvor Moe

Avslutta med stafettbronse

Thomas Fenne gjekk på Hordaland sitt bronselag på stafetten i NM.

Denne helga var det sesongavslutning for junior og seniorklassene i skiskyting. Juniorane gjekk noregscupfinale og det var NM senior på Lillehammer.

– Det vart ein solid avslutning for vossingane, melder Trude Andersen i Voss SSL.

Her er nokre resultat frå helga:

Thomas Fenne gjekk 3. etappe på krinsslaget som tok bronse på stafetten. Han gjekk saman med Martin Femsteinevik, Bjarte Solvang og Erling Aalvik.

Hilde Fenne tok ein fin 5. plass på sprinten og 9. plass på jaktstarten.

Arild Fosse gjekk inn til 18. plass på NM-sprinten.

Hilde Fosse fekk ein god 4. plass på fellesstarten i jr.-finalen K18-19. Ho fekk 6. plass samanlagt i noregscupen.

Kjerand Kvelvane tok 13. plass på fellesstarten i juniorfinalen i M18, og kom på 11. plass samanlagt i noregscupen.

Une Kvelvane tok 5. plass i juniorfinalen.