Bruk den røysteretten du har, og som forfedrane og -mødrene våre har kjempa så hardt for å få, skriv Hordaland i dagens leiar.
Bruk den røysteretten du har, og som forfedrane og -mødrene våre har kjempa så hardt for å få, skriv Hordaland i dagens leiar. Foto: Illustrasjon/arkiv

Bli glad – bruk røysteretten din!

Bruk den røysteretten du har, og som forfedrane og -mødrene våre har kjempa så hardt for å få.

I nokre land kjempar dei blodige kampar for retten til demokrati. For retten til å røysta ved eit val. For retten til å vera med å bestemma kven som skal styra landet, eller lokalsamfunnet dei lever i.

FOR OSS i Noreg og i våre bygder, er demokrati sjølvsagt. Me tek det som så sjølvsagt at me kanskje er dritleie av val og valkamp. Me er kanskje i tvil om me i det heile skal røysta.

Slik er det gjerne når me har hatt eit gode gjennom lang tid, og gløymer å verdsetja det me har.

VÅR KLARE OPPMODING er: Bruk den røysteretten du har, og som forfedrane og -mødrene våre har kjempa så hardt for å få. Ein ting som at kvinner skal ha røysterett, er også sjølvsagt for oss i dag. For over 100 år sidan var det ikkje opplagt, tvert om var det ein kamp for å sikra kvinner denne retten.

HAR DET SÅ noko hensikt å røysta? Ja, absolutt, sjølv om me ikkje finn eit parti som me er samde med i alt. Men me kan finna parti som me er samde med viktige ting i.

Og partiet som me røystar på, kan vera med og gje ein retning som me ynskjer i samfunnsutviklinga.

MEINER ME TIL dømes at kampen for klimaet er viktig, er det ulike alternativ å røysta på. Vil me kjempa for born og unge sine oppvekstvilkår? For god eldreomsorg?

Vil me seia ja eller nei til bustadutbygging i Bømoen? Dei ulike partia har alle gjort klart sitt syn på dette no før valet. Du er med på å bestemma kva retning lokalsamfunnet vårt skal ta. På Voss er det heilt ope kven som vert ordførar. Og enkeltrøyster kan avgjera kor mange representantar ditt parti får inn i det nye heradsstyret.

DESSUTAN VISER DET seg at dei som røystar, faktisk har personleg gevinst av det. Me er sosiale vesen, og engasjerte innbyggjarar er gjerne meir nøgde. Folk som røystar har ei kjensle av å vera med og påverka i samfunnet vårt. Det er ei god kjensle. Folk som let vera å røysta, får lettare ei kjensle av å vera makteslause.

VER MED OG bestemma du også! Bruk den retten som mange med god grunn har kjempa så hardt for. Godt val!

Artikkelen held fram under annonsen.

OL-planane skyt fart

Folka som arbeider for OL på Voss og i Bergen har gjort eit varp ved å få Dag Jarle Aksnes som dagleg leiar for Idrettens Olympiade. Og dei viser sterke finansielle musklar med å tilsetja ein slik kapasitet som nok har ein høg pris. Tilsetjinga aukar sjansane for at det vert levert ein norsk OL-søknad, og for at det kan verta OL i bygda vår i 2030 eller 2034. Då med utgangspunkt i eit meir jordnært, neddempa og berekraftig OL.