Skeiemylna mel som ho ein gong mol Foto: Helge Søfteland

Bli med inn i Skeie-mylna

Etter nesten 70 år mel dei atter som dei mol i Skeie-mylna i Ulvik. Bli med inn og sjå korleis korn vert til mjøl!

Les og:

- Portrett av mylne-eigar Torunn Hovland Ljone

Skeie-mylna var eit sørgeleg syn på slutten av 1990-talet. Eit drygt hundreår i elva Tysso hadde kravd sitt, og heile bygget stod i fare for å ramla på elva. Men ei kvinne såg utfordringar der andre såg problem.

Dugnad, dugnad, dugnad

Torunn Hovland Ljone kjøpte mylna, og etter tallause dugnadstimar, søknadar om støtte, nokre skritt fram og mange tilbake, kunne ho etter 21 år sleppa vatn på mylna hausten 2019.

– Det var ei heilag stund då me delte det første brødet som var bakt på mjøl frå mylna, fortel ho.

Saman med eit stort venelag for mylna, og mange mylnegutar og jenter, heldt dei opningsfest i slutten av august.

Katten i sekken

Sjølv om Torunn og venelaget no kan nyta brød frå eige mjøl i ei flott mylna, så kjøpte ho verkeleg katten i sekken då ho handla. Ein stakkars katt hadde ein gong brukt sitt siste liv i ein av dei tre kvernene, og vart funnen att i mumifisert form under arbeidet med omvøla. No er han maskot for mylna, og du får helsa på han i filmen vår.