Brann i leikeskur

VOSS: Politiet fekk melding om brann i eit leikeskur ved Vangen skule på Voss i helga. – Me fekk fort melding om at brannen var sløkt, og at nokon hadde observert ungar som sprang frå området, seier Henning Hegbom hjå Voss lensmannsdistrikt. Brannvesenet vart varsla om hendinga, òg.