Brann i leikestativ

VOSS: Sundag kveld rykte brannvesenet og politiet ut til eit huskestativ som stod i full fyr. – Det viste seg å vera nokre ungdommar som leikte seg med open flamme, seier Robert Veseth hjå Voss lensmannsdistrikt. Politiet veit ikkje om kva ungdommane har nytta for å få fyr. Det er også gjort skadeverk andre stader i området. – Me har vore i kontakt med nokon ungdommar i 15-års alderen og føresette. No fylgjer me opp saka. 

Brannen er slukket

— 110 Hordaland (@110Hordaland)November 4, 2018