Lars Mossefinn.
Lars Mossefinn. Foto: Rolf Tepstad/Arkiv

Den i... countryfestivalen

Alt då me lanserte festivalprogrammet, fekk me spørsmål frå den kjende kulturforskaren Georg Arnestad om me meinte dei andre countryfestivalane var harry.

Les og:

-Hickory wind opnar

-Vossingane får sin eigen countryfestival

 Me svara som sant var at me ikkje hadde andre festivalar i tankane og at programmet var sett saman utan å sjå til kva andre gjorde.

Seinare har me møtt reaksjonar som seier at namnet tyder at me trur at me er betre enn andre. Dette blir slått fast som eit faktum. Skilnaden på Arnestad og dei anonymiserte påstandane er at det eine er eit ærleg spørsmål; det andre er ein fordom.

Kvifor har me så valt dette snodige namnet? Om ein går attende i soga, vil ein finna at omgrepet første gongen dukkar opp i Dreyfus-saka som byrja i 1894. Seinare har Jean-Paul Sartre gjeve omgrepet følgjande definisjon: «Ein intellektuell er ein som bryr seg om det som ikke vedkjem han».

Det heile er mykje enklare enn som så. Me som vaks opp med Monty Python og framleis er blodfan, dyrkar det absurde i humoren. Festivalnamnet kan med god grunn oppfattast som absurd.

Festivalnamnet er ein leik med ord som kan gje næring til mange slags tankar. Faren er at nokon ikkje let tankane vandra, men konkluderer med ein fordom.

Å leika med språket vert gjort medvite og ikkje fullt så medvite. Då Hedi Weng skrytte av Marit Bjørgen og sa at det berre var «å bøye seg i hatten», så var det ein blanding av dei faste uttrykka «å bøya seg i støvet» og «å ta av seg hatten». Heidi Weng har skrive seg inn i norsk språkhistorie med gullskrift.

Namnet skjemmer ingen, heiter eit gamalt ord. Ein kan enkelt gå på konsert med Per Olav Kaldestad, Dag Helleve, Ragnar Hovland, Ketil Bjørnstad, Eva Bjerga Haugen, Louien, Malin Pettersen, Uttrågata blueslag, Rumi Songs, Baljelauget, Ida Jenshus, Mighty Magnolias, Odd-Erik Lothe, Tor Schei Hellesnes og Finn Tokvam utan å ofra ordet intellektuell ein tanke. Det er rett og slett eit råbra program som du ikkje må gå glipp av!

Artikkelen held fram under annonsen.

Beste helsing,

Den i ... countryfestivalen, Lars Mossefinn