Turid Fjose stiller til val ved kyrkjevalet.
Turid Fjose stiller til val ved kyrkjevalet. Foto: Privat

Det bør ikkje vere kyrkjesplittande at det i kyrkja no er to likeverdige syn på likekjønna ekteskap

Me skal etter mi meining ikkje ha omkamp om liturgi for likekjønna vigsel.

Nominasjonskomiteens liste i Bjørgvin vil ha ei open og inkluderande folkekyrkje.

Eg har før dette kyrkjevalet blitt spurt om å stille som representant frå Hardanger og Voss prosti i bispedømmerådet i Bjørgvin.

Folkekyrkja er så viktig for meg at det takka eg ja til – eg vil gjerne vere med å arbeide vidare for den almenne folkekyrkja me har i Noreg!

Liste etter lokale forslag

Det er for fyrste gong forskjellige lister og ein kan sjølvsagt lure på kvifor det var denne lista eg ville slutte meg til. Jau, nettopp fordi dei nominert på lista kjem etter forslag frå lokale sokneråd.

For meg er ikkje kyrkjevalet politikk, men ynskje om å gjere ein innsats i kyrkja. At det likevel er politikk i dette har eg nok hatt eit naivt syn på. Nokon politiske parti anbefaler medlemmer til gå inn for Open Folkekyrkje si liste og andre interesseorganisasjoner ber sine stemme på spesielle kandidater. Eg reknar for eksempel ikkje med å bli anbefalt av Frimodig kirke.

Det er to likeverdige syn på likekjønna ekteskap

Som kandidat på Nominasjonskomiteens liste i Bjørgvin vil også eg ha ei open og inkluderande folkekyrkje. Det er det som er kjenneteiknet til kyrkja her i indre Hordaland; ei kyrkje som folk nyttar når det røyner på i livet, der ein kjem i gleder og sorg, går på konsert og feirer høgtid og gudstenester.

I kyrkja må vi no lære oss å respektere kvarandre sjølv om vi har ulike meiningar. Me skal etter mi meining ikkje ha omkamp om liturgi for likekjønna vigsel. Det bør ikkje vere kyrkjesplittande at det i kyrkja no er to likeverdige syn på likekjønna ekteskap.

Valet i år handlar først og fremst om Ny kyrkjeordning og lokalkyrkja si rolle i kyrkjedemokratiet. Om du er einig med oss på Nominasjonskomiteen si liste om dette, kan du vise det når du gjev inntil tre tilleggsrøyster og nyttar Nominasjonskomiteens liste.

Om du ikkje er heilt einig med meg, så kan du nytte Nominasjonskomiteens liste, og finne din kandidat du vil røyste på. På denne måten kan me få eit valresultat som speglar breidda av meiningar i kyrkja og eg meiner at kvar stemme på Nominasjonskomiteens liste vil vere til det beste for den lokale kyrkja.

Turid Fjose