Fjellet har vore Arnfinn sin ven i 80 år. Få om nokon er betre kjende i vossafjella. Foto: Terje Hjartnes

Eit liv i fjellet

«Ingen har varda den vegen du skal gå» skreiv Olav H. Hauge. Då har han nok ikkje vore klar over Arnfinn Lydvo.

– Interessa for fjellet, for jakt og fiske starta under krigen. Tanta mi hadde ei hytte i Ljosanbotn, og far min og eg låg der og dreiv med snarefangst av rype. Me trong mat, veit du,

Arnfinn Lydvo ser på meg med rolege, men kvikke, augo. Det er ikkje lett å tru at denne karen nærmar seg 88 år og at han dermed var åtte då andre verdskrigen braut ut.

Det eine tok det andre, og det vart fleire hytte- og fjellturar – både under krigen og i dei fyrste åra etter.

– I -45 budde far og eg saman med den uredde fjellmannen Johannes Lemme i vaktarbustaden han og kona hadde. Me gjekk inn på Soleifletene – ikkje så langt frå Grindafletene – og fekk låna steinselet til Ohnstad. Me låg der rundt ei veke og fiska, og det var fin fisk i den gongen. Seinare vart det mykje småviltjakt òg. Det var ikkje så lett å ferdast med gevær og driva med jakt så lenge krigen varde, seier Arnfinn og nemner både Viern og Upsete som område han vart godt kjend i, fyrste etterkrigsåra. I -48 fekk 16-åringen seg tur til Tinnhølen på Hardangervidda, saman med far Ivar og kameraten hans Knut Hellesnes.

– Eg trur me gjekk opp Bjoreiddalen frå Maurset, og det vart fisking både i Tinnhølen og på Halnefjorden – der ein Heine Sæbø frå Eidfjord hadde båt.

Arnfinn Lydvo (t.v.) og kameratane Torbjørn Gjelsten og Bjarne Jensløkken på Sankt Pål (1694 m.o.h), nær Finse, i 1956. Foto: Privat
Ingrid og Arnfinn Lydvo på Fossdalsskavlen (1550 m.o.h) 1. april 1989, i eit praktfullt vêr. Foto: Privat
Barneborna Sigrid (7) og Eline (9) Lydvo med skiltet bestefar Arnfinn har laga til fjelltoppen Grubben – ein av dei mange som ragar drygt 1000 meter. Foto: Privat

Brekkedalen og Jordalen er tumleplassar Arnfinn også kjenner som si eiga bukselomme.

– Den gongen var det så rikeleg med rype at det var lov å skyta på sitjande fugl. Det var spesielt å få oppleva!

Interessa for fjell og friluftsliv, jakt og fiske, har Arnfinn hatt med seg resten av livet. Men medan andre fjellkarar gjerne har sin spesielle del av fjellheimen dei kjenner betre enn nokon andre, er Arnfinn godt kjend i alle himmelretningar og i alle fjell, frå Vaksdal til Finse. Friluftsinteressa har han delt med kona Ingrid. Ein av «hobbyane» har vore å koma seg opp på alt av fjelltoppar. Og i Arnfinn si bok er ein topp ein terrengformasjon som lyfter seg opp over resten av landskapet, og som minst ragar 8-900 meter over havet.

Tre år etter krigen kjøpte familien Lydvo ei gammal stove på Ringheim. Hytta vart riven og frakta på lastebil til Rong lengst ute på Bordalen. Der vart det sirleg merka tømmeret lasta over på slede, og på godt skareføre og med ein sterk hest i skjekene vart tømmeret frakta til Grungane. Sommaren etter vart stova reist att.

– Me brukte mose som tettemasse, og omfara vart drivne saman så vatnet skvatt, minnest Arnfinn.

Hytta vart påbygd litt på 60-talet, men elles står ho som før og har tent familien som base for mang ein tur i bordalsfjella og på Gråsida.

I 1955 var Arnfinn med og sette opp ei lita jaktbu på Lussand-sida av bordalsfjella. Etter å ha jobba borte i nokre år, kom Arninn heim att til Voss i 1965. Det hadde nok vore så som så med vedlikehaldet av jaktbua i mellomtida.

– Rundt 1980 var hytta så elendig at eg sa til grunneigaren Anders Rong at no fekk me anten brenna bua ned, eller så måtte ho reparerast. Jau, han skaffa kledning og eg skaffa resten. Men den gongen fekk me hjelp av dei engelske militære som låg på Rong fjellstove. Dei lyfta materialane opp med helikopter.

Helikopter hadde dei derimot ikkje då Arnfinn, Odd Væle, Jon Brekke, Leif Prestegard og Alfred Vatle skulle setja Rosethytta i stand. Det var Bjarne Hetle og Bjørndalen – han heitte berre det på folkemunne – som hadde hatt ansvaret for den gamle idrettslagshytta, men i 1980 spurde dei Arnfinn om han kunne overta dette ansvaret. Det var sjølvsagt ikkje nei å få frå heidersmannen, som sette i gang dugnasarbeid for å få sett hytta i god stand att.

– Me bar opp all materiale frå saga på Hovden. Det var mange svære stokkar, og det vart mykje sveitting opp gjennom bakkane.

Det var også på Roset Arnfinn hadde ein av sine mest spesielle naturopplevingar.

– Det var tre år etter krigen. Far, Knut Hellesnes og eg gjekk frå Tesdalen og opp i Svortagjelet, der me låg ei vekes tid og fiska. Stor, flott fisk fekk me, og på heimvegen hadde me fulle bører på ryggen. Me kom om Sandfjellet og gjekk ned mot Roset. Eg var litegrann framfor dei to andre. Då eg kom frampå eit bakkehall og såg ned mot Roset, reiste det seg eit stort brunt dyr på to – før det for inn i skogen. Avstanden var knapt hundre meter, og det er ingen tvil om at det var ein bjørn. Far og Hans kom akkurat slik at dei såg noko brunt som forsvann i skogen.

Då dei undersøkte, fann dei spor etter at eit stort, tungt dyr hadde lege på myra.

Ikkje lenge etter kom folk over ein drepen sau, 100 meter frå der Arnfinn såg bjørnen.

– Innmaten var riven ut på ein måte berre eit stort sterkt dyr med kraftige klør kan greia.

Dette er einaste gongen Arnfinn har sett bamsen, men han har fleire «nær bjørnen»-historier.

– Ei kvige vart drepen på Dagestadstølen. Ho var slegen i hel, og det er ikkje så mange andre dyr enn bjørnen som er i stand til det. Same hausten vart det også sett bjørnespor i Sveindalen.

For ein del år sidan var det fleire bordalsbønder som mista beist på beite ute i Allmenningane.

– Eg fekk greie på det då eg las om det i avisa. Så vart det òg funne ein stad i kanten på ei myr der det var kasta opp nokre uhorvelege torver. Eg og sonen vår Øystein reiste ut for å sjå, og det var nokre svære torver – som i alle fall ikkje noko menneske hadde greidd å kasta opp. Same våren skulle eg ut på hytta i Grungane. Det var framleis snø, og eg gjekk på ski. Oppe i Grungakleive kom eg over to spor, eitt etter nokre svære labbar, eitt mykje mindre. Eg fylgde spora innover mot Løkjane, men då dei forsvann inn mellom nokre store steinar, våga eg meg ikkje lenger. Å koma ut for ei binne med unge er ingen spøk.

At bjørnen streifar over enorme område er vel kjent, og det ville ha vore rart om ikkje eitt og anna eksemplaret også streifa innom på våre kantar.

Tidleg på 90-talet tok Arnfinn Lydvo på seg ansvaret for å leia arbeidet med å vedlikehalda Voss Utferdslag sine stiar og ruter. Det samla rutenettet er på rundt 40 mil, og heile dette enorme området skal rustast opp kvart fjerde år.

Kor mange av desse mila Arnfinn og Ingrid personleg har vedlikehalde er uråd å seia, men at i alle fall Arnfinn har lagt attom seg mangfaldige hundre mil til fots i fjellet, er heilt sikkert.

– Me hadde no helgane og kveldane. Me var raskare til fots den gongen, det går ikkje fullt så fort i dag! ler Arnfinn. Mannen som har jobba 32 år i Voss Sparebank, fyrst i innskotsavdelinga, så på bokføring, vedgår at det har gått mange timar i fjellet.

– Me fann fort ut at desse stygge, store raude T-ane på berg og skarv var noko me ville vekk frå. Kom det litt nysnø var det ingen som såg dei, uansett. Så då bygde me heller vardar og laga mindre raude merke på dei, forklarar Arnfinn. I tillegg har sag, ryddesaks og øks vore fast inventar i ryggsekken i alle åra etter.

Arnfinn har også varda nye turar. For eit par tiår sidan varda han heile ruta frå Grungane og opp på Karaldenuten. Der vart det òg ein varde, med bok inni.

Denne boka har Arnfinn passa på, samstundes har han halde ruta vedlike sidan starten. Også på Herdabreia har han varda stien, heilt til topps.

Det er ikkje mange toppane Arnfinn ikkje har vore på.

– Visste du forresten at ingen stader er utsikta vidare enn frå Karaldenuten? Der ser du alle breane, både i nord, aust og sør, og du ser fjordane og langt ut over havet.

Også Ingrid har fylgt med på dei fleste fjellturane, utanom då borna var små. Og då ho slutta i Posten midt på 90-talet, fann ho ut at ho skulle setja seg som mål å gå på alle stølane i kommunen. Ho har laga si eiga bok med foto, og med opplysningar om kvar einskild støl, og til no har ho vore på 250 av dei 300 stølane. Nett no har ho ein pause på grunn av trøblete kne, men Ingrid vil gjerne nå over fleire stølar.

For ein mann som har jobba med tal heile livet er det kanskje ikkje så rart, men Arnfinn Lydvo har høgda på alle fjella i Vossavaldet i hovudet.

– Olsskavlen, som er den høgaste i det som no vert Voss herad, vart før sagt å vera 1576 meter. For nokre år sidan tok eg initiativet til ny oppmpåling, og no er det eksakte talet 1575,6 meter. Seldalsnuten er med sine 1558 den nest høgaste. Elles har me ei røys med toppar som ligg nett over 1000 og opp på rundt 1100 hundre meter. Kor mange toppar me har over 1000 meter har eg ikkje laga oversikt over, men det går nok lett an å finna ut!

Når Arnfinn Lydvo vert beden om å seia kva fjellområde som er det aller gjevaste, er han ikkje i tvil:

– Det er ingen ting som overgår Gråsida, Fjellheimen der er heilt eineståande. Eg har vore tallause gonger over alt på Gråsida. Området rundt Vola er ein god nummer to. Også der er det ein heilt spesiell fjellheim, seier Arnfinn. Som framleis tek seg turar i terrenget og opp mot fjellet kvar einaste veke. Mellom anna har han skilta og merkt stien han kallar Sleavegen, i lia oppom Mølster. Der køyrde bøndene ved og anna med hest og slede i gamle dagar, og det er «nett passeleg bratt for eldre folk».

T-merkinga og stiryddinga har Arnfinn gjeve seg med, i alle fall offisielt.

– Men eg har no greinsaksa i sekken ...