– Raudt sitt utgangspunkt er at dei fattige ikkje treng fagre ord, men pengar og gode velferdsordningar, skriv Bridget Penny.
– Raudt sitt utgangspunkt er at dei fattige ikkje treng fagre ord, men pengar og gode velferdsordningar, skriv Bridget Penny. Foto: Lars Olve Hesjedal

Fattige born på Voss

Ifylgje tal frå Bufdir veks 8,5 prosent av alle born på Voss opp i fattigdom.

Raudt Voss meiner at klimakrisa, og dei aukande sosiale skilnadene, er to av dei største utfordringane vi står overfor som samfunn.

Generasjonen som veks opp no er den første på over hundre år som risikerer å få det mindre trygt enn foreldra sine.

Sjølv om dei fleste framleis har det bra i Norge, ser vi at dei på toppen får stadig meir makt og rikdom, medan lønningane står stille og utryggleiken aukar for store deler av befolkninga. Økonomiske omsyn går føre omsynet til klima og miljø.

Ifylgje tal frå Bufdir veks 8,5 prosent av alle born på Voss opp i fattigdom; dette utgjer nesten eitt av 10 born i kommunen. Samstundes syner tal frå same Bufdir at meir enn 45 prosent av desse borna bur i for små og/eller for dårlege husvære etter norsk standard.

I Granvin lever heile 12,5 prosent av alle born med vedvarande låg inntekt, og 50 prosent av desse bur trongt og/eller dårleg.

Vi i Raudt brenn for mange gode saker lokalt – men vi meiner at velferd, rettferd, og gode tiltak mot fattigdom, skulle ha vore nokre av hovudsakene i denne valkampen.

Vår viktigaste oppgåve som politikarar er ikkje å leggja til rette for auka rikdom hjå dei rikaste, men at dei som får minst skal få meir. Ingen born skal veksa opp i vedvarande fattigdom i Voss herad!

Heldigvis er det mogelegå snu utviklinga. Raudt Voss vil ikkje ha eit samfunn som sorterer folk etter lommebok, postnummer eller kvar dei kjem frå. Sjølv om mykje av norsk politikk vert styrt av Storting og regjering, er det mange område der kommunane har stor handlefridom, og kan vera ei motvekt til regjeringa sin politikk.

Raudt Voss meiner at lokaldemokratiet i Voss herad skal vera leiande i kampen for mindre sosiale forskjellar, og at heradet skal vera ein føregangskommune i miljøarbeidet.

Vi kan òg til dømes spørje om vi skal prioritera å auke løna til alt godt betalte politikarar i Voss herad?

Artikkelen held fram under annonsen.

I Raudt vil vi heller bruka pengar på å gje born ein betre kvardag, med tiltak som betre fritidstilbod, gratis kollektivtransport for born, gode sykkelvegnett, og billegare eller helst gratis barnehage og SFO.

Voss kommune er ein av kommunane som framleis tek med barnetrygda i utrekninga til sosialhjelpsmottakarar.

Dette betyr at dei aller fattigaste foreldra i kommunen ikkje får behalda barnetrygda, men må sjå at ho vert trekt frå på sosialhjelpa. Raudt har i alle år kjempa imot denne ordninga, men har enno ikkje fått fullt gjennomslag; vi kjempar vidare i det nye heradsstyret.

Tidlegare dette tiåret fekk Raudt endeleg gjennom at kommunen skulle nytta den statlege norma for sosialhjelp; sjølv etter denne justeringa må ein einsleg person leva for berre 6150 kroner per månad.

Skal ein nå fram med gode tiltak for fattige familiar, må fleirtalet i kommunestyret prioritera dette!

For å gjera det ekstra vanskeleg for dei fattigaste i kommunen, har det styrande fleirtalet innført såkalla gjengs leigeprinsipp for kommunale bustader. Dette betyr at kommunale husvære ikkje skal vera rimelegare enn private bustader, men følgja marknadspris. Dette er sikkert bra for kommunen som kan få inn litt ekstra pengar, men det er dei fattigaste i kommunen som betaler!

Dei andre partia er fulle av festtalar og lovord om fattigdomsbekjemping. Raudt sitt utgangspunkt er at dei fattige ikkje treng fagre ord, men pengar og gode velferdsordningar. Godt val, og røyst på eit parti som alltid set dei fattigaste først!

Bridget Penny, Raudt Voss