Ferja går att i Hardanger

HARDANGER: Ferja mellom Tørvikbygd og Jondal gjekk onsdag ettermiddag som normalt att, etter at problema er utbetra. Ferjene som går i rutene mellom Kinsarvik og Utne, og mellom Tørvikbygd og Jondal, vart begge innstilte tysdag ettermiddag. Årsaka var tekniske problem begge stader. Mellom Tørvikbygd og Jondal vart det sett inn skyssbåt som frakta berre passasjerar.