Hilde Fenne i OL.
Hilde Fenne i OL. Foto: Egil Blomsø

Hilde Fenne reserve på OL-sprinten

Hilde Fenne er reserve på sprinten/jaktstarten i PyeongChang.

Skiskyttarforbundet tok måndag ut laga til sprinten og jaktstart i OL.

På det norske damelaget går Tiril Eckhoff, Marte Olsbu, Synnøve Solemdal og Ingrid Landmark Tandrevold.

Hilde Fenne er dermed reserve. Forbundet har tidlegare teke ut til sprint/jaktstart og normaldistansen for menn. Men damene sitt lag til normaldistansen, er ikkje offentleggjort.