Hilde Fenne er ikkje mellom dei fire utøvarane som går for Noreg på normaldistansen.
Hilde Fenne er ikkje mellom dei fire utøvarane som går for Noreg på normaldistansen. Foto: Victor Storsveen/Arkiv

Hilde går ikkje normalen

Hilde Fenne får heller ikkje gå normaldistansen i OL.

Landslagsleiinga har teke ut laget som skal gå for Noreg under normaldistansen i OL.

Her går dei same skiskyttarane som gjekk sprinten og jaktstarten.

Dermed går Tiril Eckhoff, Marte Olsbu, Synnøve Solemdal og Ingrid Landmark Tandrevold normaldistansen onsdag.

For skiskyttarane står att miks-stafett, fellesstart og stafett. Det er fem norske kvinnelege skiskyttarar i OL-troppen.