Kari Traa.
Kari Traa. Foto: Vidar Herre/Arkiv

Kari til veteran-NM i Myrkdalen

OL-dronninga Kari Traa køyrer veteran-NM i Myrkdalen.

Voss Freestyleklubb markerer at ein har drive med freestyle i Noreg i 40 år, og skipar laurdag til veteran-NM i kulekøyring og skiballet.

– Kari Traa er tilbake og køyrer konkurranse for fyrste gong på mange år, seier Hans Engelsen Eide, som sjølv må stå over konkurransedelen.

– Eg skal gjennom ein kneoperasjon, så eg vert dommar denne gongen. Men dei fleste av dei tidlegare vossakøyrarane, som Erik Hegbom, er med, seier mannen som vann sylv då kulekøyring var demonstrasjonsgrein i OL i 1988.

Elles pussar arrangørane støvet av greina skiballett.

– Her kjem Thomas Heyerdal og Simen Andresen og køyrer same programmet dei gjorde då dei var på topp, seier Hans Engelsen Eide.

Han trur på ei flott helg i vårsola i Myrkdalen.

– Det vert nok mykje god mimring denne helga, legg han til.